Fagskole
Arboristutdanninga er ei deltidsutdanning over 2 skoleår (60 studiepoeng). Du får opplæring mot arboristyrket gjennom teori/førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skole, prøvar/ testar og praksisdagar. Skolen bruker gode lærarar frå fagmiljøet i Noreg.
Siden oppstart i 2010 er det uteksaminert 71 arboriststudenter, fordelt på 6 kull. Ny klasse på 16 studenter, startet høsten 2022, som er ferdige våren 24. Neste inntak blir i 2024.
Det blir samlingar på skole om lag ei veke kvar månad, dei fleste samlingane er på Hjeltnes, men nokre samlingar blir lagt til andre stader. I tillegg til opplæring i skole, må du ha praksis i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker praksis i bedrift, det andre året 7 veker praksis.
Du som student må sjølv skaffa deg praksisbedrift.
Stad: Hjeltnes, Ulvik i Hardanger
Meir informasjon om utdanninga: www.fagskulen.no
Søk via: Samordna Opptak: www.samordnaopptak.no
Emna i utdanninga omfattar:
Klatreteknikk
Trebiologi
Vekstfaktorar
Trepleiefag
Trevurdering
Dendrologi
Skadegjerarar
Bedriftslære
Sjå meir om utdanninga: https://www.fagskulen.no/studietilbod/Studietilboda-vare/grone-og-gastronomiske-utdanningar/arborist/
Hjeltnes har internat som du kan bu på under samlingane i Ulvik.
Litt historie:
Initiativet for å få ei offentleg godkjent utdanning for arboristar i Norge, kom frå Norsk Trepleieforum avdeling Vest til Hordaland Fylkeskommune. Fylkeskommunen, Norsk Trepleieforum (NTF) og Hjeltnes starta arbeidet med planlegging av studiet i 2006 og i 2009 kom godkjenninga frå NOKUT (Norsk Organ for Kvalitet i Utdanning). Studiet starta opp hausten 2010, på Hjeltnes, Ulvik i Hardanger, og har på dei 4 første studentkulla utdanna 56 arboristar!
Studentkull 2022
Siden oppstart i 2010 er det uteksaminert 71 arboriststudenter, fordelt på 6 kull. Ny klasse på 16 studenter, startet høsten 2022, som er ferdige våren 24.
Studentkull 2020-2022