Nytt opptak
våren 2012
Det vert nytt opptak til til arboriststudiet ved Hjeltnes fagskule, søknadsfrist 15. april 2012. Oppstart september 2012, forutsett
at det vert nok søkarar.
Fagskuleutdanningar er yrkesretta vidareutdanningar, som byggjer på fullført vidaregåande opplæring. Arboristfagutdanninga er eit
studie tilsvarande 1 år på fulltid, som me tilbyr over 2 skuleår. Det vert samlingar på skulen kombinert med praksis i bedrift. 1. skuleår
er det 10 vekesamlingar i skule og 5 veker praksis i bedrift. 2. skuleår vert det 9 veker i skule og 7 veker i bedrift.
Hjeltnes vidaregåande skule har internat som du kan bu på under samlingane.
Opptakskrav: Fullført utdanning som anleggsgartnar, gartnar, agronom, skogsoperatør, studieførebuande naturbruk, eller tilsvarande. Alternativt til desse utdanningane kan du ha 5 år praksis i eit av yrka.
Det er krav til dokumentert opplæring i bruk av motorsag.
Arboristutfagdanninga gjev deg grunnlag for å arbeide med tre på alle nivå i alle typar anlegg.
Tre er viktige innslag i byar, parkar, kulturlandskap, hagar, bustadområde og langs vegar, både for miljøet og som trivselsfaktorar
for oss menneske. Me ynskjer at tre skal bli store og gamle og det er derfor viktig at det finst fagpersonar som kan legge til rette
for det. Både som kan rettleia i prosjekteringsarbeid, og som kan ivareta det praktiske arbeidet med å skjøtte trea på rett måte. Feil
handsaming av tre kan få store fylgjer når det gjeld tryggleik for omgjevnadane og levetida for trea. Og for å ivareta dei store kostnadene
det vert lagt ned ved etablering av tre i urbane miljø er det lønsamt å nytta gode fagfolk, gode arboristar.
Sjå studieplanen for utdanniga:www.hjeltnesvgs.no/media/studieplan_-_Arboristfagutdanning.pdf
Etterspurd kompetanse
Eit offentlege utdanningstilbod innan Arborist, i Noreg, har vore etterspurd frå fagmiljøet lenge. Stadig fleire offentlege verksemder
og kommunar stiller krav til slik kompetanse i anbod som omfattar vedlikehald av tre i grøntanlegg. Aboristfagutdanning har ikkje vore
tilbydd i Noreg til no. Nokre private aktørar har gjeve tilbod om praktiske kurs på linje med den europeiske godkjenninga, European
Tree Worker (ETW), ut over dette har det vore mogleg å utdanna seg i utlandet. Leiar i Norsk Trepleieforum, Erik Solfjeld, meiner behovet
for ein heilskapeleg og fagleg velfundert opplæring, har blitt svært tydeleg dei siste åra i den grøntfaglege marknaden. Større oppdragsgjevarar
etterspør sertifiserte utførarar og kjennskapen om faget trepleie (arborkultur) er aukande både nasjonalt og internasjonalt.
www.hjeltnesvgs.no
Behovet for enhetlig og faglig velfundert opplæring har de siste årene blitt svært tydelig i det grøntfaglige markedet. Større oppdragsgivere
etterspør sertifiserte utførere og bevisstheten rundt faget arborkultur / trepleie er økende både nasjonalt og internasjonalt.
En offentlig godkjent fagutdanning vil gjøre utførere i stand til å ivareta trærs sunnhet og sikkerhet på et nivå som ansvars - og kvalitetsmessig
kan aksepteres.